No har eg lest 3 sakprosatekstar og 3 handlingsreferat av novellene, og skal no skrive referat til kvar av sakprosatekstane og 3 handlingsreferat av novellene.
Den fyrste teksten er skreve av Are Kalvø og heiter ”Det folk vil ha”.
Den handlar om alle dei folka som bur i landet vårt. Are fortel at han er ”drit” lei av at folk som for eksempel politikarar står og seier kva heile befolkninga vil ha, eller alle dei som blir spurt spørsmål til skal representere oss og seie kva vi vil. Eg trur det han prøvar å få frem, er at alle likar forskjellige ting, og at ingen kan seie kva andre likar.
Kalvøs synspunkt er at han ikkje vil at politikarane eller andre ukjente skal snakke på hele Noregs vegne, fordi vi er ein stor befolkning og alle har forskjellige meiningar. Nokon likar biler, andre likar fotball osv. Så viss for eksempel ein politikar seier ein fotballbane er det folket vil ha, stemmer jo ikkje det, sida kanskje 60 % vil ha det og 40 % ikkje vil ha det.
Den andre teksten er også skreve av Are Kalvø og den heiter ”Gjer leksene dine gut”.
I denne teksten skriv Kalvø om at folk ofte utsetter ting dei skal gjere til det ikkje går ann å utsette det meir. Han seier at det startar i ungdommen med skulearbeid , men at denne trenden fortsettar vidare heilt til man er voksen. Til og med Noregs viktigaste og mektigaste menn gjør det. Natta før dei skal på ferie sitter dei og gjer alt det dei har igjen og som de ikkje har fått gjort ferdig, og dette ender med skrivefeil og dårlig arbeide. Det same gjeld for verdas mektigaste menn i verdas viktigaste sak, nemlig klimaforhandlingane, der alt skjer i siste liten før dei skal på møte og snakke om disse sakene.
Synspunkta til Are er nok at viss man har fått i oppgåve å gjere noko, så er det lurt å byrje med ein gong, og ikkje utsette dei. På den måten unngår man småfeil og stress natta før man skal vere ferdig.
Den tredje teksten er skreve av Kjartan Fløgstad og heiter ”Ikkje Amerika, men Amerika”.
Denne teksten handlar om at Oslo ungdom, og ungdom generelt i Noreg, har svært vanskeleg for å lære om Sør-Amerika i forhold til Nord-Amerika. Dette er fordi dei har ein heilt anna kultur enn oss, og det er mange forskjellige land med vanskelege namn. I nord derimot er det få land med enklare namn og de levar omtrent på same måte som vi.
Det Fløgstad meiner, og det som er hans synspunkt, er å droppe Sør-Amerika i undervisninga, for han meiner ungdom i dag ikkje har noe interesse for å lære det. Han meiner at fokuset berre bør settes på nord Amerika. Eg trur han også skrivar med litt ironi, som at Nord-Amerika er bokmål og sør Amerika er nynorsk. Han skriv om at ungdom i dag ikkje har noe behov eller lyst til å lære seg nynorsk, akkurat som dei ikkje har noe behov eller lyst til å lære om sør Amerika.
”Få meg på, for faen”, er skrevet av Olaug Nilssen, og handlar om ei som draumar om å vere på tv. Ho tenkjer på kva ho skal seie og korleis ho skal oppføre seg. Men ingenting skjer og ho ender alltid tilbake til verkelegheita.
Eg trur hovudsynspunkta til Olaug Nilssen, er at folk ikkje alltid kan vere det dei har lyst til å vere i livet. Jenta i teksten har lyst å vere kjendis på tv, men i verkelegheita ho må på jobb.
”Nygift” er skrive av Frode Grytten, og teksten hans handlar om ei som les eit vekeblad for ei gammal dame på eit eldresenter. Teksten ho les minnar ho om mannen hennar. Jo meir ho les, jo meir stemmer det som står i teksten. Til og med historiene frå bryllaupsreisa var med i teksten. Ho byrjar å lure på om de er ein av mannens tidligare kjærestar som har skrive teksten. Ho byrjar å tenkje, kanskje ikkje mannen seier alt til ho likevel, kanskje han enda har kontakt med eksa osv. I slutten ringjer ho han for å høyre om han er heime. Dette tydar på at ho ikkje stolar på han.
Tema i teksten trur eg kan vere sjalusi og tillit.
”Den grøne kommoden” er skrive av Selma Lønning. Denne novella handlar om eit par som ønskjer å gjere det slutt. Det er jenta i forholdet som ønskjer å gjere det slutt. Grunnen til dette er at ho har vore utro, men han virke ikkje særleg brydd med at ho vil gå frå han. Det einaste han tenkjar på er at han vil behalde den grøne kommoden, som han har mange minnar med. Grunnen til dette er at kommoden er eit minne om dei, livet deira saman, og kommoden er noko dei hadde til felles. Dersom han får behalde kommoden, vil han og få behalde minna.
torsdag 11. februar 2010
Abonner på:
Innlegg (Atom)